fredag 25. desember 2009

"Ny, norsk musikk"

Etter tre månader utanlands gledde eg meg faktisk på å skru på p3 og høyre ny, norsk musikk. Slik dei skryt av å sende. Etter ei veke i Noreg er den førebels konklusjonen: Dei spelar NETT den same musikken som før eg reiste, inkludert (set inn grove og fornærmande adjektiv etter ynsje) Donkeyboy. Pluss nokon nye internasjonale schlägers. Men ny, norsk musikk? Jauda. EI ny, norsk låt har eg fått i livet mitt. På p3 rullar og går Bjørn Hellfuck - Krabbeklo (Av omsyn til eventuell julefred postar eg ikkje sjølve songen). Eg får lyst til å grave meg ned i snøen.

P.S. og apropos snø: Eg er heilt frisk att og har nett vore ute. Det ser ut som om kvar einaste kvist på kvart einaste tre har ein isbjørn som bestefar, så kvite og snølodne er dei!

onsdag 23. desember 2009

I dyna

No sit eg inntulla i dyna mi i stua. For meg tyder stue pluss dyne enten barne-tv tidleg om morgonen eller å vere sjuk. I dag er det sistnevnte, sidan kroppen min er sint på meg for at eg tok svineinfluensavaksine i går. Unnskyld, kroppen! Eg har jo vore snill med deg elles! Eg har jo vore ilag med familie og gode vener og ete god mat og prata framfor peisen til kjempeseint. Det er bra for sjela det, og difor er det bra for deg også, kroppen. Og berre eg får bli frisk att skal eg ta deg ut i frisk luft og snø, men ikkje så lenge at du blir kald. Og i morgon er det jo juleftan! Klart eg må få bli frisk til da. Ja, du er enig med meg? Tusen takk, kroppen.


Eg ynsjer ei kjempegod jul til alle!

søndag 20. desember 2009

Om å reise

I fjor brukte eg nesten eit halvt døgn mellom folkehøgskulen og Lom. Det tek faktisk kortare tid å kome heim frå Aberdeen, men eg er glad det framleis tek lang tid; eg treng det. Eg treng omstillingsprossessen. Eg reiser ikkje berre mellom to ulike stader, men mellom to heilt ulike delar av livet mitt. Heilt ulike sett med menneske, ulike rutiner, ulike forventningar å innfri. Og på denne reisa i mellom finn eg att meg sjølv, kjerna av meg sjølv slik eg er både i Aberdeen, Lom, Søgne og andre stader. Eg kjøper meg ein dyr kopp kaffe, ser på alle dei reisande, tenkjer at dei alle er på veg mellom delar av livet sitt slik eg er. Eg les i blad, skriv og teiknar i Boka mi, smiler til stressa framande, berre er, heilt aleine blant alle desse menneska, i dette merkelege mellomrommet mellom alt.

Frå Oslo byrjar ein veksande spiral av heimekjensle. Enda meir i år enn i fjor, for i år kjem eg heim til Noreg. Klåre kuldegrader og snø, uprangande norsk julepynt, norsk språk alle stader! Og, nett som i fjor: For kvar mil i toget kjennest alt meir heimleg, Mjøsa er lik seg, brått er eg på Lillehammer, fjella reiser seg høgare, dalen smalnar, neste stasjon er Ringebu, Vinstra, Otta! Eg får ein lang mammaklem på perrongen og etter ein velkjend biltur er eg brått innom døra heime og alt, alt er slik det alltid har vore.

torsdag 17. desember 2009

Sjokoladetider

I går fekk eg det beste eksamenstipset nokon gong, då min kjære sosiologiforelesar gjekk gjennom måtar for å klare seg betre. Nemleg: "Et ei sjokolade rett før eksamen. Det gjev hjerna di eit boost og kan gjere den ekstra skilnaden mellom to karakterar."

Hurra! Enda ein grunn til å ete sjokolade, og ein av dei meir legitime også. Mannen har jo doktorgrad, han veit nok kva han pratar om. Denne grunnen føyer seg elegant inn i rekkja av andre sjokolade-unnskyldningar eg etter kvart har opparbeida meg. Som:
  • Det er jo helg (fredag-sundag).
  • Eg treng ei sjokolade for å få opp blodsukkeret så eg kjem meg heim/ til byen/ gjennom denne bunken av lesestoff.
  • Eg fortener ei sjokolade fordi eg har vore flink med skulearbeid/ har rydda og vaska rommet/ har kjøpt alle julegavene/ har det fint og vil feire livet.
  • Eg treng ei trøystesjokolade fordi eg ikkje har fått gjort alt eg skulle/ står fast i skulearbeid/ er generelt sur/ det er dårleg vær.
  • No hadde det passa meinigslaust godt med ei lita sjokolade til kaffen.
  • Det er jo JUL! Denne skal eg bruke flittig i minst to veker framover, og skal ikkje ha dårleg samvit eit sekund for å ete så mykje julemat, jukekaker og julegodteri eg vil. I går tenkte eg faktisk i fullt alvor: "Om eg hadde vore heime no hadde eg nok ete massevis av nybakte julekaker. Om eg kjøper denne pakka oreo-kjeks vil det vere omlag same mengd som eg hadde ete uansett, om ikkje mindre. Difor kan eg lett unne meg denne."

...No må eg pakkepakkepakke, så er det ferieferieferie heimeheimeheime!

onsdag 16. desember 2009

Appell for skjegg

Bloggen har skjegg. Eg har (litt) skjegg. Månadens helt Nissen har skjegg. Kronprins Haakon har skjegg. Johnny Depp er ikkje verdas kjekkaste mann når han ikkje har bart og skjegg.

Mohammad Usman Rana framstilte skjegget som eit islamsk symbol i ein halvmorosam kommentar i Aftenposten for litt sidan. Det må ikkje skje at éin religion tek monopol på skjegget så andre ikkje kan ha glede av det! Endatil J sa, når eg kommenterte kor langt skjegget hans har blitt: "Eg skal definitivt ta det før eg flyg heim til jul. Dette høyrest nok rart ut, og kanskje delvis rasistisk, men eg er ikkje komfortabel med å ta eit fly til USA med så masse skjegg."

Personleg synest eg at menn ofte ser snillare ut med skjegg. Det må ikkje vere så langt at ansiktsforma sklir ut i udefinerbart buskas, men t.d. Chuck Norris sitt skjegg er fint. Han ser snill ut med det. Ja, eg ser ironien. Skikkelege skjeggstubbar (altså, ikkje overstyla skjegg i tynne striper) får også halvsleske fløtepusar til å sjå ut som ekte menn! Skjegg er godt å ta på og kitlar perfekt rundt eit kyss. Skjegg kan skjule dårlege anskiktstrekk eller framheve fine, ettersom det er forma. Og overivrig barbering kan jo føre til uhell slik som omtala i ein nyleg bloggpost.

Her er meg og mitt favorittskjegg (som visstnok er på grensa til terroristskjegg).

tirsdag 15. desember 2009

Kva Disney-prinsessene lærer deg

Berre du er pen nok, går det bra med deg. Sjølv om du så er stum eller sovande og mr. Prins ikkje anar noko om deg som person, reddar han deg og elskar deg fordi du er sexy.
Eg hadde tenkt å skrive litt om konstruksjonen av kjønnsroller og skjønnheitsideal som blir pressa på småjenter. Men kvar gong eg byrjer på ei sosiologirelatert tekst, rotar eg meg vekk i digresjonar og ender opp med å håplaust prøve å presse store delar av pensum inn i eit kort og lettlese blogginnlegg. Objektifisering av kvinner. Patriarki. Dobbel seksuell standard (masse sex = bra/dårleg ettersom kva kjønn du høyrer til). Reklame og media si makt. Kapitalisme og alle dei skitne triksa dei brukar for å selje oss ting vi ikkje treng. Og så vidare. Sukk. Eg skal nok få det til ein dag. Eller dele alt inn i små, fine bolkar. Inntil vidare kan kjære, gamle, gjennomkommersielle Disney gjere nytta.
Om du vil lese meir om saker og ting pluss lese teksta på dette biletet betre: Gå til inspirerande Sociological Images.

søndag 13. desember 2009

Oops

Eg sto på badet og sminka meg i går kveld. Inn kom kjærasten til ei av dei eg bur med styrtande, med blodet rennande frå eit stort kutt ved leppa. Kva som hadde skjedd? Han hadde prøvd å danse og barbere seg på likt, vel.